Vi søker kontaktpersoner som kan hjelpe oss med nyheter og informasjon fra:
Send e-post til erik.kirkvold@gmail.com
Vi søker kontaktpersoner som kan hjelpe oss med nyheter og informasjon fra:
Send e-post til erik.kirkvold@gmail.com
Innlegg fra Hege Viki, Valle, 17 år.
Villreinen
I mange år har villreinen gått rundt på heiene. Bestanden på villreinen går ned, og me som bruker snøskuter som eit framkomstmiddel får skulda for dette. Kvifor får me skulda for dette no? Villreinen har levd med motordur i mangfaldige år, men det er me som skremmer dei vekk. Me har sett gang på gang at me som kjøyrer skoter veit at me skal halde avstand, men skiløpere for eksempel gjeng tett innpå for å observere og for å ta bilde. Det er dette som skremmer dei. Snøskuterkøyring utføres med omtanke og respekt for dyrelivet fordi me veit at det å ta vare på naturen og dyrelivet er ekstremt viktig, fordi dette har vert vår oppgåve i mange år. Skal me berre nytte til dei som kallar seg ekspertar til å handtere saken og ignorere lokalkunnskapen og det lokale skjønet, slik som statsforvaltaren legg opp til, taper villreinen og bygdene. Valle kommune ville vere med i arbeidet som statsforvaltaren fekk i oppdrag frå miljødirektoratet. Denne oppgåva gjaldt om å utarbeide tiltaksplanar for villreinområda, men statsforvaltaren sa nei til Valle kommune. Det er me det gjelder, då burde me få vere med å utarbeide. Valle kommune er opptekne av at to interesser skal bli møtt. Det er villreinen sitt leveområde, samt som at me skal ta vare på tradisjon og liv for bygdene som ligg omringa av fjella. Staten vil få slutt på skuterkøyring for å sikre villreinen sitt liv og område, men kvifor er dette eit problem no? Ein av grunnane til at villreinbestanden har gått ned er på grunn av skantesjuken. På grunn av dette måtte mange villrein bli slaktet. Altså, det var ikkje snøskuteren sin feil.
Kultur og fellesskap
Staten ynskjer å innføre restriksjonar som førar til at me ikkje kan bruke støylane våres. Snøskuterkøyring er ein stor del av mange bygder sin kultur og fellesskap. Eg har vakse opp med snøskuter. Snøskuterkøyring er eit teikn på fridom og samhald og det er mange som kan finne ein form for tilhøyring i snøskutermiljøet. Det er eit veldig opent miljø og me har plass til alle. Me bruker heiene slik som me er oppdratt. Det er ein stor del av vårt lokale samfunn og kultur og er eit svært viktig framkomstmiddel for mange. Me får oppleve den vakre naturen som Noreg har å by på, men nå er det snakk om at me ikkje får bruke naturen lenger. Skiløpere er svært fornøgde med å kunne gå i våres snøskuter spor. Mange bruker desse spora som eit argument. Dei seiar at spora er så stygge å sjå på og at me øydelegg vegetasjonen. Dei spora ligg fleire meter over vegetasjonen og det er snakk om ein dag med snø, så er alle sporane vekk. Snøskuter skaper fellesskap. Eg har blitt kjend med mange på grunn av snøskuter og den felles interessa. Me møtest på heiane, køyrer skoter og er sosiale. Ikkje minst så er det ein veldig god måte for å få fysisk aktivitet inn i dagane. Eg har ein 80 år gamal bestefar som framleis køyrer snøskuter. Denne hobbyen er for alle uansett alder. Eg deltar årleg på bakkedrag der me alle samlast med felles interesse, nemleg snøskuter. Dette arrangementet blir gjennomført av Åseral snøskuterklubb som til og med har arrangert NM to år på rad. For mange er snøskuter ein stor del av oppveksten, og kvifor vil me ta dette vekk frå dei neste generasjonane? Skal ikkje dei få bruke naturen som me er blitt opplært til å gjere i mangfaldige år?
Stempla som kriminelle
Snøskuterkøyring blir sett på som miljøkriminalitet. Ulovleg køyring i utmark kan gjeve opptil to år fengsel. Då politiet for første gang heldt pressekonferanse om trusselvurderingar i Agder blei ulovleg motorferdsel i utmark trekt fram som den mest alvorlege kriminalitetstrusselen. Eg synes det er ganske ille at me som berre bruker naturen og som kunn ønsker å nyte hobbyen vår, blir satt i same bås som for eksempel valdtektsmenn, ungdomskriminalitet, seksuallovbrudd mot barn og unge og vald mot kvinner. Likevel bestemmer Agder politidistrikt og fremme dette her: den trusselen vi har valgt og fremheve som særleg alvorlig, er ulovlig motorferdsel i utmark. Det gjelder også kjøring på islagte vann. Barmarkskjøring er mer skadelig enn snøscooterkjøring. Det er veldig frustrerende når folk som aldri har sett eller køyrd ein skoter, skal bestemme og klage over støy. Dei kan ikkje komme opp til oss og krevje at det skal vere heilt stille og deretter sende ut klager på vår hobby når dei plasserer hyttane sin rett ved skuterløypa.
Etter alt dette håper eg at folk kan sjå saken frå litt fleire sider og ikkje berre det at snøskuterkøyring lager stygge spor og lager litt støy. Fordi dette er den sporten eg brenner for. For det finnes så ekstremt mykje positivt ved dette. Det er fellesskap, tradisjon, kultur, hobby, glede, adrenalin, samhold, fritidshobby og så mykje meir.
Del denne artikkelen på sosiale medier
Flere nyheter fra Reitwagen.no
Ring Erik Kirkvold, mobil 977 11 626 eller send en e-post til erik.kirkvold@gmail.com